onsdag 11. januar 2012

Laks med Urtesaus ( Lavkarbo )

Eg er ikkje blant dei som har hevet meg på lavkarbobølga. Dog ser eg at ein del av maten eg lagar vil passe godt for lavkarbo-fans. Eg brukar poteter eller rotmos attåt denne lakseretten men det går fint å bruke berre grønnsaker eller salat :-)

Dette treng du til 4 personer:



 800g Laksefilet, delt i 4 stk
salt og pepar
Smør til steiking

Saus:
1 vårlauk, finhakka
2ss finhakka timian
2ss finhakka persille
2ss smør
3dl fiskebuljong
1dl fløyte
salt og pepar

Slik gjer du :-)
Start med sausen
Fres vårlauk og urter i smør over middels varme i ca 3 min.
til vårlauken blir mjuk.
Hell over buljong. Kok til buljongen er redusert til halvparten. 
Ha i fløyte og la sausen småkoke i ca 2. minutt. 
Krydre med salt og pepar.
Hold sausen varm på svak varme.

Salte og pepre fiskestykka. 
Steik fisken i smør, 3-4 min. på kvar side.

Fordel fisken på fire tallerkener og hell den grøne sausen over.
Server med godt brød, ris eller poteter.Evt for eit lavkarbo alternativ berre med salat.
Er så skjelven på handa i dag at oppstillinga på tallerken vart ikkje så fin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget